Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 


Johan Einar Unger (1831-1911)

Fødd: 1831 i Kristiania (Oslo)
Døydde: 19. mai 1911 i Rosendal, Kvinnherad, Hordaland
Gravlagd: 26. mai 1911 på Kvinnherad kyrkjegard i Rosendal, Hordaland

Johan E. Unger var student frå 1851 og utdanna cand. theol. i 1858. Ei tid var han lærar i Bergen, og kom der med blant dei såkalla ”vestmennene” (medlemmer av Vestmannalaget) som ivra for å ta i bruk landsmålet som Ivar Aasen på den tid arbeidde med. Han vart blant dei sentrale i det fyrste landsmålsmiljøet i Bergen. I 1864 vart han kapellan i Kvam, Hordaland, og sokneprest i Kvinnherad frå 1878 og seinare prost i same stad. J. E. Unger var den første statskyrkjepresten som nytta nynorsk til kyrkjemål.

Som kapellan i Kvam gjekk Johan Einar Unger fremst då målspørsmålet gjorde seg gjeldande på lærarmøta på Vestlandet i 1865/66. Han var òg drivkrafta bak då lærarane i Kvam byrja å undervisa i skriftleg bruk av landsmålet i siste helvta av 1860-åra. Vinteren 1869/70 dreiv han folkehøgskule i Kvam saman med Olav Lofthus. På lærarmøtet i Ulvik i 1867 tala han for landsmålet og det er hevda at tiltaket til Unger var fyrste freistnaden på å ta i bruk landsmålet i ålmugeskulen. Dette skar seg derimot då bøndene protesterte.

Unger skreiv ein del i bladet Ferdamannen og skreiv føreord til Georg Griegs omsetjing av Markus-evangeliet. Han stod og for ein av dei aller fyrste omsetjingane av ein bibeltekst til landsmål då han 11. november 1865 fekk på trykk Salme 148 i bladet Ferdamannen.

Utgjevingar:
 
1. Minne og dikt (1911)

Salmar:

1. Dan litle væne Runnen, Jesaias spaade um (Jolakvæde)
    Den vesle vene runnen Jesaja spådde om
2. Paaskaaftan er so blid
3. Upp! Haldt Stand! Kristenmann! (Salm)
    Opp, hald stand, kristenmann!

Kjelder:
 
1. Aasentunet, Nettbiblioteket
2. DIS Norge Gravminner
3. O. L. Hoel
4. Norsk språkråd


Tilbake til hovudsida





  Leif Haugen

Bricksite.com