|
Henrik Krohn
(1826-1879)

Fødd:
10. mai 1826 i Bergen
Døydde:
14. juni 1879 på Stedje i Sogndal, Sogn og Fjordane
Gravlagd
19. juni 1879 på Stedje kyrkjegard, Sogndal, Sogn og Fjordane
Henrik Krohn vart
fødd i Bergen og var son til konsul Wollert Krohn og kona
Henrike som var fødd Gran. Han vart døypt i
Nykirken i Bergen den 11. juni 1826, men flytte som 8-9-åring
til Stend i Fana. Her voks han opp på den garden som seinare
vart Stend Jordbruksskule og fekk ein særleg
kjærleik til bondestanden og det nasjonale. Frå
1846 og fram til 1858 var han handelsmann i Bergen. Seinare flytte han
til Sogn, kjøpte og dreiv fruktgarden Stedje i Sogndal, der
han òg hadde ein fyrstikkfabrikk. Han var ein av leiarane
for vestlandsk målstrev i 1860-åra, og i 1865 skipa
han vekebladet Ferdamannen, i 1868 mållaget Vestmannalaget.
Frå 1870 til 1875 redigerte han tidsskriftet Fraa By og Bygd.
Vidare gjekk han i brodden for arbeid med å reise eller verne
nasjonale minnesmerke, m.a. Haraldsstøtta og
Håkonshalla. I 1909 gav Vestmannalaget ut Skrifter av Henrik
Krohn med føreord av Kristofer Janson.
Henrik Krohn gifte seg
23. november 1851 med Hanna (Johanne) Augusta Kamstrup. Dei fekk ikkje
born. På Stedje kyrkjegard i Sogndal står det ein
minnestein over Hanna og Henrik Krohn. Jostein Krokvik gav i 2002
på Norsk Bokreidingslag i Bergen ut ein biografi om Krohn med
tittelen Vestmannalagsreisaren og målreisaren Henrik Krohn
1826-1879.
Utgjevingar:
1. Smaakvæde
(1867)
2. Minne fraa ei
Stockholmsferd (1867)
3. Fraa Vestlandet
(1868)
4. Ei liti Ferd fraa
Sogndal til Fjerland (1868)
5. Geirstad-Trond (1868)
6. Svein og Gudveig
(1869)
7. Dan rette Sida (1875)
Salmar:
1. Du myrkaste Veter med
Storm og med Snjo (Jolakvæde)
Du
myrkaste vinter med storm og med snø
Kjelder:
1. Skanna ministerialbok
for Nykirken i Bergen 1821-1844
2. Ivar
Aasen-tunet, Nettbiblioteket
3. Fylkesarkivet
i Sogn og Fjordane
4. Minnestein
over Henrik og Hanna Krohn
5. Norsk
Bokreidingslag
6. Anton
Aure
Tilbake
til hovudsida
|
|
|