Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 



Ole Martines Andersen Thorvik (1832-1925)



Fødd: 22. juni 1832 i Torvik i Volda på Sunnmøre
Døydde: 14. eller 21. november 1925 i Oslo

Ole A. Thorvik var son til Anders Sjursen og Helene (Elina Andrina) Andersdotter Torvig på garden Torvik i Volda. Ole var eldstemann av 4 sysken og faren er kalla inderst ved dåpen til Ole.

Ole vart lærar, og som lærar verka han i heile 52 år. Han tok til som omgangsskulelærar i heimbygda si, Ulvestadbygda i Volda frå 1854 og var her i 4 år. Då gjekk han frå gard til gard og gav opplæring i rekning, skriving og høgtlesing, og heldt ”spørjestove” på preikesundagane med tekstlesing og salmesong i skulestova.

Lærarskulen tok han på Stord i tida 1858 til 1861. Etter at ”Voldens høiere Almue- og lærerskole” vart skipa i Volda, fekk han post i øvingsskulen her i Ørens krins. I 1863 vart han tilsett som lærar i Porsgrunn, men lengste tida fekk han i Larvik, der han var lærar frå 1866 til 1909. Her var han m.a. ved Thorstrands skule i over 17 år og dei siste 22 åra ved Romberggatens skule.


Thorvik vart også politisk engasjert, og var med å skipa Venstre-laget i Larvik i 1882, to år før Venstre var organisert på landsplan, og var ei tid formann i det. Han var ein av desse som aldri fira i striden når det var ei sak han var overtydd om, og kunne tala for seg der det høvde. Og strid og forfylging møtte han, men folk fekk etterkvart respekt for han, og han vart med i kommunestyre og formannskap. Av kommunale verv var han med mellom anna i skulestyret og fattigstyret i byen.

O. A. Thorvik var også engasjert i avhaldsarbeid og målarbeid. Til dømes var han sambygding og ven med Ivar Aasen. Avisa Østlands-Posten var han med på å starta, og skreiv m.a. programerklæringa for avisa. Han skreiv ein del i blada, både prosa og dikt. Dikta kunne vera både salmar, hyllingsdikt og satiriske vers. Like opp i høg alder hadde åndskrefter til å laga songar. Det vart sagt at det kunne ha vorte ei stor bok om alle dikta hadde vorte utgjevne samla.

Då O. A. Thorvik gjekk av som lærar, vart han tildelt borgardådsmedalja i gull for lang og tru teneste i folkeskulen. Etter det flytte han og kona til Oslo, og han budde der til han døydde 93 år gammal.

Salmar og songar:

1. I Malakias spådoms ord (I Juda land, der Jordan rann) (utdrag)
2. Kom, Heilag Ande, til meg inn

Omsette salmar:

1. Du Gud som styrer stjernehær

Kjelder:

1.  Aarseth, Terje: kopi av arkivkort over Thorvik, O. A.
2.  Østlandsposten for 1. april 1909
3.  Jarlsberg og Larviks Amtstidende for laurdag 3. april 1909
4.  Den 17de Mai for 20. juni 1911
5.  Stille Stunder nr 27, 6.7.1912
6.  Dagbladet for 22. juni 1913
7.  Møre for 17. november 1925
8.  Skolebladet for 25. november 1925
9.  Støylen Bernt: Songbok for sundagsskule og uppbyggjingsmøte (1906) nr 115
10.Barnesangboka (1970) nr 290
11.Sangboken ”Syng for Herren” (1973) nr 341
12.Gravminner i Norge på Internett
13.Kyrkjebøker på nett
14.Internettsøk (Østlands-posten)

Tilbake til hovudsida





  Leif Haugen

Bricksite.com