Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 



Døyparen Johannes

I Juda land, der Jordan rann,
i øydemark steig fram ein mann.
Han som Elias preikar.
Kamelhår var hans kappe av,
og grashopper han føda gav,
der djuptenkt om han reikar.

Hans tid var fattigsleg på ånd,
form-trældom hadde overhand,
åndsfridom låg i dvale.
Dei lærde sat på Mose stol;
men utan varme, utan sol
var deira lærdoms tale.

Eit folkeliv av former krenkt
han såg, og spådoms ord var rengt
av tyding som forviller.
Dei fylgde forskrifter i fleng
men utan ånd, i blinde gjeng,
all livskraft reint ut spiller.

Guds ord kom til profeten her:
”Rop høgt: Guds rike alt er nær!”
Han skaker dei som lyder.
Vil nokon i Guds rike inn,
han endra må sin hug, sitt sinn,
det klårt han for dei tyder.

Johannes er den strenge tolk
av lovi for Guds valde folk;
for Herren veg han brøytte.
For alle preika han med fynd;
med krav om bot for allslags synd,
han storfolk frå seg støytte.

Men dei som fekk for syndi skjelv,
han døypte straks i Jordans elv
til teikn, dei hugen vende.
Frå gamal vane må dei snu,
den nye bodskap må dei tru,
som Gud or høgdi sende.

Johannes du den fyrste var,
som peika på det lam som bar
all synd som heimen tyngjer.
Du manar som evangelist:
Sjå det Guds lam, den Herre Krist,
som livet oppatt yngjer.

Vert lærdom slapp og utan salt,
og folk finn matstrev høgst av alt,
vert rett og sanning vraka,
då trengst profeten mjuk men sterk,
som driva kan eit rydjings-verk:
og folk til vekking skaka.

T:  Ole Andersen Torvik (1912)
M: Å, tenk på Gud i ungdoms år (Lochheimer Liederbuch 1460)
K:  Stille Stunder nr 27 (1912)
I:   Utdrag av salmen ”I Malakias spaadoms ord” på 20 strofer om Johannes døypar
B:  Utdrag og redigering ved Vilhelm Gravdal (2010)

Tilbake til hovudsida





  Leif Haugen

Bricksite.com