Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks





Opp, hald stand, kristenmann! (Salm)


Tekst: Johan Einar Unger, 1867.
Frå Ferdamannen. Eit Vikoblad aat Aalmugen. No. 8 og 9. Laugardagen dan 2dre Marts 1867. II. Aarg. Etter ei elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad.


Opp, hald stand,
kristenmann!
Jesus stridde, full siger vann.
Han heve vunne det store slag,
Satan batt han til dommedag -
allting er jamna, i lag.

Er du mjuk,
klein og sjuk,
drikk av nåden og retten bruk.
Herren kannast ved veike og små,
vesale menner, som tigga og trå,
alle som trenga skal få.

Tung og sein
stokk og stein
aldri kjende kor nåden skein.
Lyfta dei sigande hender lyt du,
reisa dei maktlause kne, og deg snu
beint imot Jesus og tru.

Bed, ver frod! *)
Vak, hav mod!
Hald di stemna som stridsmann god.
Snart han hentar sin stridande hær,
trufast tenar si løn vel fær,
palmer i handi han ber.

Ja, hald stand,
kristenmann!
Jesus stridde, full siger vann.
Aldri han kuast med vald eller list,
dyl han seg stundom, enn er han din Krist,
makti han ei heve mist.

Klokka slær,
tidi fer.
Ser du, Jesus er rett no nær?
Lat oss då nytta den dyre stund,
tena Herren av hjartans grunn.
so skal me vel koma heim.

*) klok, vis.


Kjelde:

Ivar Aasen-tunet, Nettbiblioteket


Tilbake til hovudsida




  Leif Haugen

Bricksite.com