Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 

Å, kan ei moder gløyma vekk

Tekst: Mons Arset (1866-1937) i ”Songar og salmar av Mons Arset” (1978).
Melodi: Johan H. Grimstad, 1978.

Å, kan ei moder gløyma vekk
Sitt barn, som ligg ved barmen,
Kan Jesus som på krossen hekk
La slokna hjartevarmen?
Nei, Gud er god, kvar drope blod,
Som rann på Golgata, ber bod:
Eg lever, de skal leva.

Gud, ver meg syndar nådig, bad
Ein vonlaus i sin våde,
Men gjekk rettferdig, fri og glad
Ned til sitt hus av nåde,
Som dogg for sol all otte kvarv,
Og fred frå Gud for sakn og slarv
Inn i hans hjarte strøymde.

Å, er det sanning, frelsar kjær,
Skal vi Guds born få vera
Frå dag til dag på jorda her
Og så i ævers æva?
Då eig i dag vi heim og hamn
Og løysing i ditt Jesu namn
På livsens gåter alle.

Om båra bryt imot vår stamn
Alt medan dagen hallar,
Gud har oss gjeve barnenamn
Og seg vår fader kallar.
I Krist vi sanninga har sett,
Og faderskylnad, barnerett
Skal inga makt få skilja!

Tilbake til hovudsida




  Leif Haugen

Bricksite.com