Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 



Gud nok lagar dine dagar


Tekst: Johann Daniel Herrnschmidt, 1704.

Omsetjing: Ottine Ottesen (1858-1905). Salmen vart trykt i nr 3 1910 i Stille Stunder, om lag 5 år etter omsetjaren var død. Salmen vart revidert av Peter Hognestad i 1914.

Melodi: Jeg er rede til å bede (1698).


Gud nok lagar dine dagar,
So dei gjeng som best det er.
Tyngste vegar ei du tregar,
Berre du er Jesus nær.
Gud nok lagar dine dagar,
So dei gjeng som best det er.

Tru med tryggja Gud vil byggja
Beste lagnad livet ut!
Ver i hugen still og trugen,
Då du slepp or all di sut.
Tru med tryggja Gud vil byggja
Beste lagnad livet ut!

Og når stundi ut er runni,
Gud deg hjelper godt og greidt.
No du gremmest, då du skjemmest;
Hjelpi kjem fyrr du det veit.
Og når stundi ut er runni,
Gud deg hjelper godt og greidt.

Frelsar kjære, du meg bere!
I ditt namn eg held meg still.
Lat det lagast, lat det dagast,
Herre Jesus, som du vil!
Frelsar kjære, du meg bere!
I ditt namn eg held meg still.

Tilbake til hovudsida





  Leif Haugen

Bricksite.com