Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 



Du talar om ver, du talar om vind

Tekst: Lina Sandell, 1873
Omsett: Thorleif Homme, 1897
Melodi: Øivind Tønnesen, 1953

Du talar om ver, du talar om vind,
du talar om roser på ungdommens kinn,
|: kvi talar du ikkje om Jesus? :|

Har tunge du fått og talande røyst,
så tala om Israels glede og trøyst,
|: ja, tala då hugheilt om Jesus! :|

Han sjølv er den venn som trufast og god
har kjøpt deg frå døden så dyrt med sitt blod.
|: Så tala med glede om Jesus! :|

Han har deg så kjær, han sviktar deg ei
i livet, i døden, i dommen, å nei!
|: Så tala, å, tala om Jesus! :|

Tilbake til hovudsida




  Leif Haugen

Bricksite.com