Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 



Jørund Nilsen Telnes (1845-1892)



Fødd 10. januar 1845 på garden Telnæs i Seljord i Telemark
Døydde: 1. februar 1892 på Telnes i Seljord i Telemark
Gravlagd: 16. februar 1892 på Seljord kyrkjegard, Telemark

Jørund Telnes var diktar, bonde og ordførar i Seljord. Døypenamnet hans var Jørgen, men han vart heitande Jørund. Han var den eldste sonen til gardbrukar Niels Sigurdsson (1815-1874) frå Forberg i Bø og kona Ingeborg Jørgensdatter Telnæs (1825-1916). Han vart fødd, voks opp og budde på Telnes i Seljord.

Unge Jørund viste seg å vera evnerik og kom seg på lærarskulen i Kviteseid, der han var ferdig 18 år gammal. Etter dette arbeidde han nokre år som lærar i heimbygda, men han ville gjerne læra meir. Han tok difor eit år på folkehøgskulen til Chr. Bruun i Gudbrandsdalen. Dette året gjorde han til ein varm talsmann for folkehøgskulen, og han gledde seg mykje då det vart skipa folkehøgskule i Seljord fyrst på 1870-talet. Han var aktivt med i miljøet her, men då Viggo Ullmann vart styrar for skulen her i 1880, kom han i konflikt med han mellom anna på grunn av at Ullmann etter hans meining var for mykje påverka av fritenking og europeisk kultur.

Jørund Telnes var aldri redd for å seia meininga si. Han skrei mykje i blada, særleg i Varden og i Fedraheimen. Han tala bøndene si sak, og var ein føregangsmann når det galdt norskdom og landsmål. I politikken engasjerte han seg, og vart vald til ordførar i Seljord i 1878 og to påfølgjande periodar. Som ein av dei fyrste ordførarane i landet tok han til med å føra møteboka til ordføraren på landsmål. I denne tida var han og valmann og skulestyreformann. Han sa frå seg som ordførarvervet då han også etter valet i 1886 vart vald til ordførar.

Telnes gav ut fleire bøker. Det var for det meste diktsamlingar, men og nokre med prosa innimellom, og forteljingar (Sjå nedanfor). Alle bøkene sine skreiv han på landsmål eller på lokal telemarks-dialekt. Fleire av bøkene hans er diktsyklusar med stoff frå lokale soger og segn. Ein del av dikta hans vart tonesette, og bøkene hans vart lesne over heile landet på slutten av 1800-talet. Den mest kjende songen i dag av Jørund Telnes er Skilauparvise (Når som Noreg i sylvkåpa glimar).

Jørund Telnes vart i 1874 gift med Anne Kjetilsdotter Øverland (1850-1888). Dei fekk 5 born saman, men berre eldstesonen Sigurd levde opp. Dei fire jentene døydde alle i perioden 1880-1887, før dei fylte tre år. I 1888 døydde kona og. Dette var harde slag for Jørund, og sjølv om han gifte seg opp att året etter med Anne Isaksdotter Grave (1851-1935) frå Dale, Bø, prega dødsfalla han resten av livet. Han vart meir religiøs, og skreiv fleire salmar i denne tida, og i ”Netar” (1890), er der nokre songar han kalla kveldssongar for borna.

Livsdagen vart ikkje så lang for Jørund Telnes. Han døydde i 1892, berre 47 år gammal. I 1898 reiste bygdefolket ei minnestøtte på grava hans med innskrifta: ”Han arbeidde meir for folk og fedreland enn for seg sjølv.”

Utgjevingar:

1. Sterkenils (1877)
2. Rupe-Ber (1878)
3. Kvæe (diktsamling saman med broren Sigurd) (1878)
4. Guro Heddeli (1880)
5. Vetle Venehaug (1887)
6. Netar (diktsamling) (1890, 1892)
7. Skrifter. Jørund Telnes. Utgjeve av Rikard Berge (1925)

Salmar:

1. Gud gjev Klæi, Gud gjev Føa (Borsong for Boni)
2. Me slær framfor oss krossen din (Kveld / På gruva elden karat er)
    Gud med oss alle saman ver
3. Når David slo harpa

Kjelder:

1. Kyrkjebøker frå Seljord på nett
2. Store norske leksikon, E. Helleve: NBL-artikkel: Jørund Telnes - utdypning
3. Allkunne.no. Artikkel av  Eirik Helleve: Jørund Telnes.
4. Aanestad, Lars: Kristen song og musikk band II (1965)

Tilbake til hovudsida





  Leif Haugen

Bricksite.com