Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks





I hjartedjupet ligg ein streng


Tekst: Olav E. Fylsvik, 1889. Salmen vart fyrste gong prenta i det nystarta bladet Stille Stunder.
S: Nynorsk salmebok nr 669
Melodi: Kom hjarta gjer din rekneskap (Kom, Hierte, tag dit Regnebret)


I hjarte-djupet ligg ein streng
Som rekk ifrå Guds hjarte;
Der ned til oss på engleveng
Sviv tonar fagre, bjarte!
Det er når glade engle-kor
Si gleda kan ’kje gøyma,
Då uutseielege ord
I song fær til oss strøyma.

I slike stunder er det rett
Som lyftest me på vengjer,
Når tonar stig med songen lett
Som boge-drag på strenger.
For songen hev ei himmelart,
Han gløder av Guds-varmen;
Når hjarta ligg der kaldt og hardt,
Han kveikjer liv i barmen.

Igjennom songen gjeng ein straum
Som friske, svale vindar,
Som ber åt hjarta stråleflaum
Meir ljos enn sol på tindar,
Når slike straumar svalar her
Oss ein og annan gongen,
Kor må det ikkje verta der
Som frelst me lyfter songen.


Tilbake til hovudsida




  Leif Haugen

Bricksite.com