Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 



Vår heim er eit ord

Tekst: Olav Eriksen Klepsland i Songbok for sundagsskule og uppbyggjingsmøte (1906)

Melodi: Op, sødeste sang (Kom Frelsar, kom inn) av Ludvig Mathias Lindeman, 1862.

Vår heim er eit ord
Det fagrast’ av alle eg høyrer på jord.
Det vekkjer ei kjensla av kjærleik og lengt,
Dei ljosaste tankar mitt hjarta hev tenkt.
Og lengten han seter vårt hjarta i brand
For heim og for land.

Vår barneheim kjær!
Han hev då i verdi so høgsett eit verd,
Han bind våre hjarto i kjærleik og fred,
Han tendrar ei sol som visst aldri gjeng ned.
Der knytest dei finaste strengjer og band
I jordelivs land.

Den gjevaste stad
Er heimen, som mest gjerer hugen vår glad.
Dei dyraste minni i tankane sviv,
Me minnest vår barndom, det lukk’lege liv!
Dei dagane rann lik ein vårbekk av stad
I barnetru glad.

Og eitt vil stå fast,
Om verdi ho svik og om vonene brast –
At legg me oss trugne i Frelsarens famn,
So hev me for stormane tryggaste hamn,
Og heimen me vinn som vil hugga oss blid
Til æveleg tid.

Tilbake til hovudsida




  Leif Haugen

Bricksite.com