Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 



Gud signe Norges land

Gud signe Norges land,
kvar heim, kvar dal og strand,
/: kvar lund og li. :/
Han lat det aldri døy,
han verje bygd og øy,
han verje mann og møy
/: til ævleg tid! :/

Me fekk det høgt og fritt,
me fekk det vent og vidt
/: med hav og fjell. :/
Det står så trygt og godt,
det står så reint og blått,
rett som eit gudeslott
/: med solskinstjeld. :/

Stort arbeid ned er lagt
til landsens fred og makt
/: frå tid til tid. :/
Det kosta tusen år
i kav frå vår til vår,
i strid så tung og sår
/: før me vart fri. :/

I kjærleik varm og mild
me legg vår vilje til,
/: då veks det fram. :/
Då får det bløma blidt,
då får det spørjast vidt,
og alltid standa fritt
/: for naud og skam. :/

Her stig det stort og blått,
vårt fagre heimlands slott
/: med tind og tårn. :/
Og som det ervdest ned
alt fagrar led for led,
det byggjast skal i fred
/: åt våre born. :/

T:   Arne Garborg (1878)
M:  Oskar Borg (1905)
S:   Norsk Salmebok 738

Tilbake til hovudsida




  Leif Haugen

Bricksite.com