Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks





Den vesle vene runnen

(Jolakvæde)  

Tekst: Johan Einar Unger, 1868. Salmen er fyrste gong prenta i Ferdamannen. Eit Vikoblad aatAalmugen. No 51 og 52. Laugardagen dan 4de Januar 1868. II. Aarg. Omarbeidd etter ei elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad av Vilhelm Gravdal, 2008.

Tone: Uverdig er jeg, Herre

Den vesle vene runnen,
Jesaja spådde om,
skal ein stad vera funnen
i dalen myrk og skum.
I skuggar, i eit lende,
mest kjøvt med vald og list,
der bar det til og hende,
der spratt den grøne kvist.

Sjå her Guds spire festa
seg rot i syndig jord!
No Himlen vil oss gjesta,
ei spillest Herrens ord.
Og runnen er ei ætta
frå denne sorgardal.
Men ven du er og tvetta
med dogg frå Himmel-sal.

Å Krist! når du vil festa
deg djupt i sinn og hug,
då skal du hjarta gjesta
med Himmel-kraft og dug.
Då spretter blad og blomar -
og frukt i rette tid.
Då kjem vår sol og sumar,
når Herren er oss blid.

Gud Fader vil me lova
frå inste hjarterot
for denne dyre gåva
til all vår sælebot.
Du Herre vil oss syna,
at me lyt vera små,
skal gåva rett me skyna
og all din kjærleik få.

Tilbake til hovudsida




  Leif Haugen

Bricksite.com