Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 



Lei, milde ljos, igjennom skoddeeim

Lei, milde ljos, igjennom skoddeeim,
lei du meg fram!
Eg går i mørke natt langt frå min heim,
lei du meg fram!
Før du min fot; eg treng ei sjå min veg
så langt og vidt - eitt steg er nok åt meg.

Du veit det vel, eg bad ei alltid så:
Lei du meg fram!
Eg ville velja sjølv min veg, men no
lei du meg fram!
Eg ville leva fritt, var stolt og strid
og stor i mod - å, gløym den dårskaps tid!

Di makt hev signa meg, då veit eg visst:
Du leier enn
i myr og fjell og hei, og så til sist
ein morgon renn,
då til meg smiler engleåsyn blid,
som eg hev elska før, men mist ei tid.

T:   J. H. Newman (1833)
O:  Peter Hognestad (1914)
S:   Norsk Salmebok 414
M:  Charles H. Purday (1860)

Tilbake til hovedsiden




  Leif Haugen

Bricksite.com