Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks





Du myrkaste vinter med storm og med snø

 

Tekst: Henrik Krohn, 1866. Salmen eller diktet er fyrste gong prenta i bladet Ferdamannen, ”Eit Vikoblad aat Aalmugen. No. 51 og 52. Laugardagen dan 22de Desember 1866.” Teksten er normert etter ei elektronisk utgåve ved Jon Grepstad, 2003.

Melodi: Ei krubba i Betlehems stad var den stad

Du myrkaste vinter med storm og med snø
med beiskaste kulde og islagde sjø,
eg vyrder deg inkje, eg stirer so glad
Ljoset som lyser frå Betlehems stad.

Det varmar mitt hjarta og skiner so bjart,
om allting i kring meg er kolande svart;
men Ljoset det kjem or to augo små
frå barnet som ligg i ei krubba på strå.

Eit under det er, at ein nyfødd gut
til gleda kan venda all heimsens sut,
at han kan gjeva meg helsebot
for alt som vil gnaga mi hjarterot.

Eg bøyer mitt kne og skodar beint inn
i augo, for barnet er Frelsaren min,
som Fader i Himmelen sjølv meg gav
å lysa meg fram gjennom myrker og grav.


Tilbake til hovudsida




  Leif Haugen

Bricksite.com