Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks





Kvite Krist frå himmel-land

Tekst: Jon Klæbo, 1867, fyrst prenta som vers 7, 10 og 11 i diktet ”No kjem Jol” i bladet ”Den norske Folkeskole” 19. desember 1867.

Tone: Alt stend i Guds faderhand

Kvite Krist frå himmel-land
Han er både Gud og mann,
Konung yver ljosens rike,
Mild og nådig utan like,
Reinsar i sitt frelsarnamn,
Ber oss inn i himmel-hamn.

Som eit barn dreg Jesus inn
Kvar han finn eit barnesinn.
Giv eg verdig då kann vera
Å få syngja um di æra.
Jesus, giv meg barnesål,
Jesus, giv meg englemål!

Signa alle Noregs menn
Kring i kvar ei bygd og grend,
Burt i kotom, upp i salom,
Ut paa øyom, upp i dalom!
Heile Noreg tak i famn,
Giv oss jol i Jesu namn

Kjelder: Nynorsk salmebok og  Rynning 1967.

Tilbake til hovudsida




  Leif Haugen

Bricksite.com