Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 



Den fyrste song eg høyra fekk

Den fyrste song eg høyra fekk,
Var mor sin song ved vogga.
Dei mjuke ord til hjarta gjekk,
Dei kunde gråten stogga.

Dei sulla meg so underleg,
Så stilt og mjukt te sova,
Dei synte meg ein fager veg
Opp frå vår vesle stova.

Den vegen ser eg ennå tidt
Når eg får auga kvila,
Det stend ein engel, smiler blidt
Som berre ei kan smila.

Og når eg sliten trøytnar av
I strid mot alt som veilar,
Eg høyrer stilt frå mor si grav
Den song som all ting heilar.

T:  Per Sivle (1877)
M: Lars Søraas (1909)
S:  Sangboken 757

Tilbake til hovudsida




  Leif Haugen

Bricksite.com